Oljefyring kan erstattast av fornybare løysingar

Målet er å inspirere flest mogleg over frå olje til meir miljø- og klimavennleg oppvarming av hus. Vi rettar oss i første rekke mot private heimar men også mot offentlege bygg og næringsbygg.
 
Med ei ny oppvarmingskjelde som til dømes varmepumpe eller vedovn vil du i tillegg spare pengar på grunn av ei rimelegare løysing for oppvarming. Dette er også ein meir klimavennleg og berekraftig måte å skaffe seg varme i huset på.
 
Her finn du alternativ til fossil oljefyring.

 

Lokale energispesialistar


For at du på ein enkel måte skal kunne skifte ut oljefyren din skal vi fremover finne fram til fleire tilbydarar som kan hjelpe deg med dette, og jobbe for å gjere ordninga kjent i fylket og også vere nokon de kan kontakte for spørsmål og be om råd og hjelp i samband med utskiftinga.
 
Vi vil at det skal vere enklast mogleg å få stengt av oljefyren, tømt det som er igjen på tanken og få fjerna den frå tomta di. Her vil du om litt finne meir info om ordninga og konkrete bedriftar.

 

Du har ansvar for oljetanken

Som huseigar er du ansvarleg for ein eventuell lekkasje til grunn og det kan bli snakk om store utgifter då all forureina masse må fjernast som spesialavfall. Det er døme der dette har kosta fleire hundre tusen kroner.
 
Derfor bør du få tanken tømt og rensa. Her finn du meir info om oljetank.
 

Ta kontakt

Dersom du har spørsmål eller vil diskutere litt om korleis få fasa ut oljefyren din er du velkommen til å ta direkte kontakt med Sigmund Flaten på telefon 90946688 eller e-post sjf@jolsterbb.no.
 
Eg vil hjelpe deg i gang og fylgje opp undervegs til du har fått ei ny varmekjelde.